Varden

Heim til jul

- Jon Ingebretse­n

Dei fleste som har planar om såkalla «heim til jul» bur i byar, tettstader eller held til i utlandet, der det stort sett alle stader er høg grad av koronasmit­te, serleg i Oslo og Bergen.

«Heimen» dei skal til er oftast i distrikta og i meir grisgrendt­e strøk der viruset langt på veg har halde seg vekk. Derfor er «heim til jul-trafikken» eit sjansespel fordi Covid 19 også kan gjera sitt inntog i virusfrie bygder. Men mange lengtar etter å kunne feire jula i rolege, trygge og idylliske stader i Bygde-Noreg, der gjerne opphavs-slekta kjem frå og held til, som eit kjaerkome avbrekk frå det travle og hektiske livet i byen, der dei fleste av desse eigentleg har heimen sin, ein heim som for mange ikkje synest god nok å feire jula i.

Dragninga mot ei fredeleg jul på bygda i «heim» eller hytte er stor. Men er dette såkalla nødvendige reiser, viktigare enn liv og helse?

 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway