Varden

Jobbar for å redde den tradisjons­rike bedrifta

Alle tilsette i den tradisjons­rike industribe­drifta er sagt opp. No jobbar både eigarane og det kommunale selskapet for vidare drift.

- Halvor Ulvenes halvor.ulvenes@varden.no

Bømek i Bø har vore underlever­andør til norsk industri sidan starten i 1984. I fjor var det ni tilsette i selskapet. Tidlegare i haust fekk alle medarbeida­rane brev med oppseiing. Per i dag er det fire tilsette igjen i bedrifta.

Jan Tjaereberg­et er både styreleiar og likestilt aksjonaer i Bømek med Arild Skarshaug. Båe har 50 prosent av aksjane i selskapet. Karane tok fagbrev og arbeidde saman i Skien Tynnplate i åtte år, før dei etablerte Bømek i 1984. Bedrifta heldt fyrst til i Folkestadg­renda i Bø, men etter ti år flytta den inn i eigne lokale på Grivimoen. Eigedomen med ei tomt på kring 8,5 dekar vart i vår annonsert til sals for 15,1 millionar kroner.

Eridialog

Tjaereberg­et seier at alderen gjer at dei er forsynte og derfor ikkje ønskjer å drive vidare sjølve.

– Målet er vidare drift, og derfor er me i dialog med MidtTelema­rk Naeringsut­vikling for å få til ei løysing. Det er fleire interessen­tar frå Telemark som me jobbar med, seier Jan Tjaereberg­et i sin kommentar til Varden.

Har svinga

Han opplyser at selskapet hadde god inntening etter tusenårssk­iftet. Ifølgje det offentlege registeret i Brønnøysun­d låg overskota for 2011 og 2012 på mellom to og tre millionar kroner før skatt. Sidan har det svinga. I fjor gjekk Bømek med eit underskot på vel 1,1 millionar kroner. Året før var det omtrent balanse medan Bømek dei to føregåande åra hadde overskot på kring ein kvart million kroner.

På den andre sida har Bømek Eiendom, som eig lokala, svaert god inntening. Overskotet i fjor var 1,3 millionar kroner før skatt medan driftsinnt­ektene låg på 1,6 millionar kroner.

Ei rolle

Dagleg leiar Bent Gurholt i det interkommu­nale selskapet Midt-Telemark Naeringsut­vikling stadfester over for Varden at dei arbeider med å få til ei løysing.

– Me jobbar med interessen­tar og målet mitt er vidare drift. Me har ein del namn på blokka og prøvar å finne ein konstellas­jon som kan passe. Her kan det vere aktuelt at nokon kjøper eigedomen og andre produksjon­sbedrifta, seier Bent Gurholt.

Viktig bedrift

Han seier at bedrifta er viktig også for lokalsamfu­nnet.

– Mange har fått sveisa gjenstanda­r på Bømek gjennom åra. Det vil vere synd om all fagkompeta­nsen forsvinn ut av bygda, avsluttar Bent Gurholt.

 ?? FOTO: HALVOR ULVENES ?? TIL SALS: Bedrifta Bømek og eigedomen er til sals.
FOTO: HALVOR ULVENES TIL SALS: Bedrifta Bømek og eigedomen er til sals.
 ?? FOTO: HALVOR ULVENES ?? STYRELEIAR: Jan Tjaereberg­et er styreleiar og aksjonaer i Bømek.
FOTO: HALVOR ULVENES STYRELEIAR: Jan Tjaereberg­et er styreleiar og aksjonaer i Bømek.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway