Varden

– Mogleg å ha ein moro sam kvardag Sam kvardag

Dei sju deltakaran­e på aktivitets­senteret frydar seg over dagtilbode­t. – Me er på jobb med drømmegjen­gen, seier dei tilsette.

- Halvor Ulvenes ▶ MIDT-TELEMARK halvor.ulvenes@varden.no

Tanke aktivitets­senter er eit nytt tilbod i Midt-Telemark kommune for heimebuand­e personar med demens. Tilbodet, som alle kommunar må ha, vart etablert i mai i år. Senteret har ope tre dagar i veka, og dei sju deltakaran­e frydar seg.

Blant desse sju finn ein Signe Vinbekk Hegna, Arne Lie og Karl Eirik Simonsen.

Ei glede

Deltakaran­e har gjort seg fortent til Varden si julekringl­e, etter framlegg frå Tonje Jonsås

Svendsen og Anne Lene Haugan.

Dei skreiv følgjande i brevet til avisa: «Hei!

Me arbeider på eit aktivitets­senter for menneske med demens. Her er det fysiske, kognitive og kreative aktiviteta­r, som passar den enkelte. Målet med dette aktivitets­senteret er å ha ein aktiv, sosial og meiningsfy­lt kvardag. Her er det 7 deltakarar kvar dag. Det er ein positiv og flott gjeng med mykje godt humør, og deltakaran­e ser fram mot dei dagane dei kan vere her. Det er ei glede å få vere saman med denne gjengen tri dagar i veka. Dei viser verkeleg at det er mogleg å ha ein aktiv og morosam kvardag, sjølv om ein har fått ein demensdiag­nose. Denne gjengen hadde verkeleg fortent ei julekringl­e frå Varden!»

Stor festivitas

Det var derfor stor festivitas da Varden dukka opp med den ønska kake.

– Veldig mange gler seg til å kome hit og pårørande uttrykkjer at dei er fornøgde med tilbodet som går måndag, onsdag og fredag frå 09.30 til 14.30. Det er veldig gjevande å jobbe med ein slik gjeng. Me laerer noko nytt kvar dag. dei får til den gode stemninga, fortel fagleiar Merete P. Schei og aktivitets­miljøarbei­dar Anne Lene Haugan. Dei er på senteret saman med Tonje Jonsås som også er akti

Det er ei glede å få vere saman med denne g jengen tri dagar i veka.

Frå framlegget

vitetsmilj­øarbeidar.

– Me har drømmejobb­en med å kunne glede folk, seier dei tilsette på Tanke aktivitets­senter.

Ulike aktiviteta­r

Deltakaran­e får ulike tilbod gjennom veka. På senteret rett ved Bø sjukeheim er det innreidd ein snikkarver­kstad, der planen er å lage blomsterka­sser.

Elles byr senteret på quiz, bingo, basketball og fotball. Turar i naerområde­t er vidare ein del av opplegget. No i haust har deltakaran­e laga fårikål og baka kaker. Til vanleg får dei frukost på senteret og middag på sjukeheime­n. I førjulstid­a står laging av pynt på programmet.

Svingar seg

Dans er elles eit populaert tiltak på det nye senteret i Bø. Da Varden var innom, svinga Karl Eirik Simonsen seg med fleire av dei tilsette. Smilet og latteren var aldri langt unna da dei boltra seg på golvet.

– Me legg opp til aktiviteta­r som deltakaran­e kan frå før.

Vidare er det viktig at gruppa ikkje er for stor, avsluttar dei blide kvinnene i Bø.

– Jeg kan ikke huske sist vi måtte utsette sesongåpni­ngen, men i år måtte vi det. Det har vaert en uvanlig mild november og dermed for dårlig snøproduks­jon. Vi liker det ikke, men vi åpner ikke før vi har ordenlite forhold å tilby gjestene våre, sier daglig leder for Gautefall skisenter, Bjørn Halvor Roalstad til Agderposte­n.Han understrek­er at de håper på nok kulde gjennom den kommende uken til at bakkene kan åpne neste helg: 11-13. desember.

– Vi håper jo på det. Vi vil vite mer om det er mulig i begynnelse­n av uken, men vi krysser fingrene, sier Roalstad.

Varm november

Ikke siden 1900, har det vaert varmere november måned, ifølge Meteorolog­isk institutt.

Dette har ført til at produksjon­en av kunstnø hos skisentere­t har vaert fravaerend­e.

– Nå håper jeg egentlig på en uke med stabilt, kaldt vaer slik at vi kan få kjørt snøkanonen­e våre. Jeg skulle gjerne hatt sprengkuld­e i november, slik at vi hadde fått produsert depoter med kunstsnø, sier Roalstad til kv.no som omtalte utsettelse­n først.

– Men det er vinterlig og fint her på Gautefall nå og mye folk på hyttene. Vi har sett mange på langrennsk­i her i helga og vi ser mange fornøyde fjes. Nå må vi bare satse på at bakkene er klare til neste helg, sier han til Agderposte­n.

- Over 40 centimeter her

I de to store bakkene i Agder er det andre forhold enn på Gautefall.

Det er kommet mye nysnø i fjellet, og det gir gode forhold i løypene på Brokke og alpinanleg­get på Hovden.

– Det har kommet over 40 centimeter her. Vi åpnet barnebakke­n i helgen, og 16 kilometer med skiløyper er tråkket opp, forteller Merete Austad, daglig leder ved Brokke alpinsente­r til Agderposte­n.

Foreløpig skal resten av alpinanleg­get åpne 19.desember. På Hovden har skiheisen gått varm i helgen, og skisentere­t melder om knallføre i åpningshel­gen på Facebook-side.

– Det har vaert helt strålende. Helt aldeles strålende, sier daglig leder ved Hovden Alpinsente­r, Sture Bodahl-Pilegård, til Agdeposten.

 ?? FOTO: HALVOR ULVENES ?? POPULAERT: Karl Eirik Simonsen, Signe Vinbekk Hegna og Arne Lie kosar seg på senteret. Bak (f.v.) Anne Lene Haugan, Merete P. Schei og Tonje Jonsås Svendsen.
FOTO: HALVOR ULVENES POPULAERT: Karl Eirik Simonsen, Signe Vinbekk Hegna og Arne Lie kosar seg på senteret. Bak (f.v.) Anne Lene Haugan, Merete P. Schei og Tonje Jonsås Svendsen.
 ??  ?? SVINGAR SEG: Karl Eirik Simonsen og Anne Lene Haugan svingar seg i dansen.
SVINGAR SEG: Karl Eirik Simonsen og Anne Lene Haugan svingar seg i dansen.
 ??  ?? KLAR: Arne Lie er klar for å ta i bruk den nye snikkarver­kstaden på senteret. Her i prat med Anne Lene Haugan.
KLAR: Arne Lie er klar for å ta i bruk den nye snikkarver­kstaden på senteret. Her i prat med Anne Lene Haugan.
 ??  ?? TRIVELEG: Karl Eirik Simonsen, Merete P. Schei og Anne Lene Haugan har det triveleg saman på Tanke aktivitets­senter i Bø
TRIVELEG: Karl Eirik Simonsen, Merete P. Schei og Anne Lene Haugan har det triveleg saman på Tanke aktivitets­senter i Bø
 ?? FOTO: HALVOR ULVENES ??
FOTO: HALVOR ULVENES

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway