Varden

Gjorde eit heilt spesielt funn på stabburet sitt

Tretten år etter at han kom til garden gjorde eigaren eit heilt spesielt funn på stabburet sitt.

- Halvor.ulvenes@varden.no

Halvor Ulvenes

▶ BØ/SELJORD

Bøheringen Håkon Strand overtok slektseige­domen øvre Strand i Seljord i 2005 og flytta dit to år seinare. Tidlegare i haust gjorde han ein spesiell observasjo­n ved inngangen til stabburet.

– Eg har jo sett dørportale­n heile tida, men aldri studert detaljane før eg byrja å restaurere bygningen no i haust. Etter det eg kjenner til er bygget frå 1770-åra. For meg ser figuren på portalen ut til å vere ein sjøorm, seier Håkon Strand til Varden.

Figuren har hovud med både auge og munn, med tydelege detaljar.

– Dersom nokon har ei anna forklaring enn sjøorm, er eg takksam for å bli kontakta. Det ville vore veldig artig om nokon kan slå sikkert fast kva dette er, legg Strand til.

God handverkar

Håkon Strand, som sjølv er tømrar, trur det er dugande handverkar­ar som har vore på farten. Han nemner at spesielt Åmotsdal hadde nokre føregangsm­enn på 1700-talet. Strand peikar på både Vetle Dyrland og Jarand Rønjom.

– Eg tør ikkje slå fast kven som har arbeidd her oppe, seier Strand. Derimot kan han fortelje at buret tidlegare stod på nedre Strand blei bygd i 1774. Etter at det blei flytta til øvre Strand, så er det ført på loft.

Full restaureri­ng

Etter at Håkon Strand og kona Anne kom til garden, har dei gjort omfattande restaureri­ngsarbeid på eigedomen sin. No står berre stabburet att.

– Eg skal ha med meg Jørn Berget frå Bø til denne jobben. Det blir totalrenov­ering og sjølvsagt skal me halde den gamle stilen. Eg har veldig lyst til å sende inn ei prøve av materialan­e, for å kunne tidfeste bygget nøyaktig, seier Håkon Strand.

Det høyrer med at det var oldefaren hans, Harald Strand, som møtte dei franske ballongfar­ane, etter at dei landa under Lifjell 25. november 1870.

Inspirert av soger?

Om det er ein sjøorm som er skore ut på portalen på øvre Strand, så har nok i så fall kunstnaren blitt inspirert av

– Eg har jo sett dørportale­n heile tida, men aldri studert detaljane før eg byrja å restaurere bygningen no i haust. Etter det eg kjenner til er bygget frå 1770-åra.seier observasjo­nane som blei gjort i Seljordsva­tnet eit par tiår før. Sjøormen blei tidlegare kalla havhesten. Den fyrste kjende observasjo­nen er frå 1750.

Fyrste observasjo­nen

Steinar Fjøstuft fortel om dette til Halvor J. Sandsdalen i boka «Ormen i Seljordsva­tnet» som kom ut i 1976. Den eldste soga Fjøstuft kjende til, er frå 1750.

Det året kjøpte Gunleik Anderson Verpe frå Bø eigedommen Nes på Garvikstro­ndi.

– Da han flytta til Nes, rodde han to prammar opp vatnet frå Ulveneset. Den eine prammen hadde han på slep. Oppe i fjorden møtte han ein havhest, og han var så pågåande at han velta fyrste prammen. Etter den tid var det lenge at folk som skulle ro over vatnet, hadde med eitt eller anna til å verje seg med, skriv Halvor J. Sandsdalen i boka som kom i ny og utvida drakt for snart 30 år sidan.

 ??  ?? DETALJAR:
DETALJAR:
 ??  ?? SPENNANDE: Håkon Strand synest han har gjort eit spennande funn.
SPENNANDE: Håkon Strand synest han har gjort eit spennande funn.
 ??  ?? TO FIGURAR: Det er to like figurar på portalen.
TO FIGURAR: Det er to like figurar på portalen.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway