Varden

«Anne» (9) er redd for å gå på skulen

▶ Dagboka til mora viser at «Anne» i løpet av ein månad i vinter hadde tre dagar der ho ikkje blei mobba på skulen. Niåringen har også fått drapstrusl­ar. – I løpet av det siste året er det teke kvelartak på henne minst fire gonger, seier den fortvilte mor

- Halvor Ulvenes halvor.ulvenes@varden.no

Den dreier seg om ei ni år gamal jente på ein av av barneskula­ne i Midt-Telemark kommune. Etter at mora følte at skulen og kommunen ikkje tok den grove mobbinga på alvor, byrja ho å skrive dagbok om hendingane på den aktuelle undervisni­ngsinstitu­sjonen.

Frå fyrste skuledag i 2021, og fram til midten av februar, var det tre dagar der jenta ikkje vart utsett for noko krenking. Det siste alvorlege hendinga skjedde for kort tid sidan.

Den sterke dagboka

Her er den sterke dagboka frå starten av 2021. Av omsyn til anonymitet har me her kalla 9-åringen for «Anne», som ikkje er hennar rette namn.

5. januar: Anne hadde en grei dag uten konfrontas­joner..

6. januar: Guttene erter Anne, sier hun er stygg og rar

7. januar: Guttene dytter Anne i gjerdet og ler av henne.

8. januar: I dag er Anne lei av å bli kalt stygge ting.

11. januar: A og B fulgte Anne hjem på skoleveien, de sier gjentatte stygge ting, kaster lua hennes og dytter henne.

12. januar: Anne er lei seg fordi de andre i klassen ikke ønsker å inkludere henne.

13. januar: Anne er hjemme fra skolen. 14. januar: Vil ikke på skolen mer. Ble slått i garderoben og ute på skøytebane­n. XX sender melding til PP om at Anne i dag ble tatt kvelertak på av TT.

16. januar: Anne forteller at jentene ikke vil leke med hun fordi guttene erter de og synes hun er ekkel. 19. januar: Anne kommer hjem med blåmerker etter at TT, XX og KK hadde kastet hun i bakken. PP sier at Anne ikke fortjener å leve.

20. januar: KK og NN har slått Anne i isen og kasta lua og vottene.

21. januar: Jentene kranglet, guttene ler og Anne blir kalt et horetryne. Anne har pratet med JJ (laerer) og sier det var greit i dag.

25. januar: Anne vil ikke på skolen, klager på vondt i magen.

26. januar: TT, XX, NN og KK har dyttet og slått hun mens LL og «de» står og ler.

27. januar: Anne blir kalt en stygg fitte av LL.

28. januar: RR (voksen) sender melding om at Anne har blitt slått og verbalt mobbet igjen.

29. januar: Anne pratet med rektor, blir kalt stygge ting på skolen. LL og KK dynket henne i snøen, blødde neseblod og kul i hodet.

1. februar: Ble slengt i veggen og jaget frem til hun datt i benken, fikk sår på kneet.

2. februar: LL sparket henne og kalte henne et ødelagt horetryne fordi Anne kom borti han i klasseromm­et.

3. februar: Anne vil ikke på skolen mer fordi guttene sier de skal «ta» hun.

Fleire år

Mora, som har valt å stå fram anonymt i Varden med si historie, seier at det heile starta med erting i fyrste klasse. Sidan er mobbinga blitt stadig meir alvorleg. No i fjerde klasse har det verkeleg eskalert.

– Dotter mi har kome heim frå skulen med blåmerke etter kvelartak, spark og slag. Minst fire gonger er det blitt teke kvelartak på henne det siste skuleåret. Fleire elevar som plagar henne seier at viss ho sladrar, så skal dei drepe henne. Dette gjer òg veldig vondt for meg som mamma, seier den fortvilte mora.

Toppa seg

Ho legg til at det toppa seg mars i år da 9-åringen etter skulen gjekk rett inn på rommet sitt, la seg og strigråt i fleire timar. Ho fortalde da at det slett ikkje hadde vore nokon god dag, og så kom dei sjokkerand­e orda:

– «Mamma, eg orkar ikkje meir. Det er ingen vits i å leve lenger». Etterpå spurde eg henne om dette, og ho har sagt at dette var uttrykk for den fortvilte situasjone­n – men at ho heldigvis ikkje har noko ønske om å avslutte livet.

Fint på fritida

Mora opplyser vidare at foreldra ikkje kjenner igjen den livsglade jenta si. På fritida går det kjempefint, også i samspel med einskilde av mobbarane når dei vaksne er tett på barna.

– På skulen går det dårleg. Ho opplever at venninner trekkjer seg unna, fordi dei er redde for å bli neste offer. Me kan ikkje ha det slik at barna våre risikerer å bli øydelagde for livet, legg mora til.

Elendig kommunikas­jon

Mora seier at ho har god dialog med fleire foreldre, blant anna med føresette til ein av dei som mobbar. Fleire opplever manglande kommunikas­jon, og ikkje minst tilbakemel­ding frå skulen etter uønskte hendingar.

Ho føler derfor at foreldra ikkje får teke skikkeleg tak i situasjone­n heime.

– På den aktuelle dagen i mars fekk eg inga varsling frå skulen om det som hadde hendt. Heller ingen andre føresette fekk slik melding. Beskjeden kom via sysken, andre elevar og telefonar frå føresette. Det gjekk fleire timar før eg fekk kontakt med daverande klassestyr­ar. Rektor og oppvekstsj­ef fekk eg fyrst kontakt med påfølgjand­e dag.

Bot og betring

Mora seier vidare at ho har teke opp mobbinga med skulen og kommuneadm­inistrasjo­nen fleire gonger. I fjor haust fekk ho også kommentar om at inntrykket var at dottera ikkje har det vondt på skulen.

Sjølv peikar mora på at ho trur ikkje det står på vilje, men ressursar og kompetanse. Situasjone­n har utvikla seg over tid, og den er blitt lite oversiktle­g og vanskeleg å handtere, ifølgje mora som legg til:

– Rektor på skulen har sagt til meg at både elevar og tilsette har altfor høg terskel for å seie frå. Det blei lova bot og betring, men lite har endra seg. Skulen har i fleire månader sagt at dei har hatt tiltakspla­nar, men den som gjeld dotter mi er datert i siste del av april i år. Eg har sjekka med andre foreldre, og barna deira har fått same tiltakspla­nen. Det verkar heilt meiningsla­ust å ha ein tiltakspla­n utan individuel­t fokus. Eg ser på det som svada-planar. No trengst det konkrete tiltak for å løyse situasjone­n.

Forstår ikkje

Mora meiner at verken skulen eller kommunen ser ut til å forstå alvoret i det som skjer. Ho fryktar seinskader hjå barnet sitt. Ho seier at kommunelei­inga er i ein forsvarspo­sisjon, og at det er vanskeleg å bli møtt med ei real forståing.

Mora hevdar vidare at ho er blitt møtt med ein mur av forsvarsta­ler både på skulen og i kommunen.

– Eg blir sett på som ein systemplag­ar som stiller spørsmål ved det som skjer på denne skulen, understrek­ar mora.

Like mykje verdt?

Ho viser elles til at da kommunedir­ektøren blei utsett for overfall i vinter, blei det slege full alarm og kommunehus­et stengt.

– Er ikkje ein 9-åring like mykje verdt som ein sjef i kommunelei­inga? Mobbinga skjer på ein kommunal skule. Eg blir så motlaus. Kan ein stole på eit system der barnet ditt blir skremt? spør mora vidare.

Ho viser til at skulen har fått fire til fem varslingss­aker på ein dag frå andre foreldre. Dei ytrar at barna deira ikkje føler seg trygge i skulesaman­heng, knytt til miljøet der, ifølgje mora.

No håpar ho å få innsyn i loggen på skulen som dreier seg om dottera. Ho er spent på kva som står der.

Er redd

Mora seier at dottera slit med vonde draumar om nettene, og har mista mykje av sjølvbilet­et og sjølvtilli­ten sin etter dette.

– Det har vore fleire dagar som ho har nekta å gå på skulen av frykt. I ein slik situasjon nyttar det ikkje med tvang. Me vil ikkje klandre verken nokon elev eller foreldre. Vidare vil eg seie at dotter vår har fått fantastisk god hjelpa v skulehelse t ene sta, trass i redusert kapasitet og stillingsp­rosent. S kulen og kommuneadm­inistrasjo­nene r blitt kontakta om konkrete framlegg til løysingar, men dei ønskjer ikkje å ta stilling til desse. Eg vil òg presisere at kommunen har eit lovfesta ansvar for at alle elevar skal føle seg trygge i skulekvard­agen. Dette blir ikkje godt nok ivareteke når elevar legg seg om kvelden med vondt i magen, og er uroleg for kva som kjem til å skje på skulen.

Det seier eleven

9-åringen sjølv seier at ho likar dårleg å få slik medfart sidan ho ikkje har gjort noko.

– For at det skal bli bra på skulen, må det bli slutt på mobbinga, er kommentare­n hennar.

I eit ferskt brev til føresette i den aktuelle 4. klassen i MidtTelema­rk skriv rektor at skulen er blitt kontakta av Statforval­taren. Rektor opplyser at skulen har fått avvik på saker kring skulemiljø­et, men at den har fått god hjelp til å tette avviket.

Etter det Varden forstår, dreier dette seg ikkje om den aktuelle historia om 9-åringen «Anne».

Taus rektor

Varden har to gonger vore i kontakt med rektor på den aktuelle skulen.

Vedkomande nektar å gje kommentar og ønskte heller ikkje å høyre om denne historia.

 ??  ??
 ??  ?? TØFFE DAGAR: Mora leier 9-åringen som har hatt svaert tøffe dagar på skulen.
TØFFE DAGAR: Mora leier 9-åringen som har hatt svaert tøffe dagar på skulen.
 ?? FOTO: HALVOR ULVENES ??
FOTO: HALVOR ULVENES

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway