Varden

Smekk fullt heile tida

På Beverøya Camping i Bø er det fullt kvar einaste dag. – Måndag morgon klokka ti over åtte stod det 13 på venteliste for å kome inn, fortel syskenpare­t Håkon Kaasa Solberg og Silje Kaasa Solberg.

- halvor.ulvenes@varden.no

– Me har hatt skiltet med «fullt» ute kontinuerl­eg dei ti siste dagane. Måndag morgon klokka ti over åtte stod det 13 bilar på venteliste her, opplyser syskenpare­t Silje Kaasa Solberg (23) og Håkon Kaasa Solberg (27) til Varden. Dei fortel om ein som hadde køyrt heile natta for å prøve å sikre seg plass

Folka på venteliste blir ringt opp fortløpand­e når nokre dreg frå plassen, det varierer frå fem til 20 bilar som forlet drop-inplassen kvar dag. Beverøya har kring 280 plassar, av desse er 112 faste. I tillegg til campingpla­ssane har bedrifta også 40 hytter for utleige.

Tredje generasjon

Håkon og Silje er tredje generasjon som jobbar på den populaere campingpla­ssen, rett ved Bøelva og Bø sentrum saman med mora Astrid Kaasa. Far hennar, møbelhandl­ar Einar Kaasa, kjøpte Beverøya i 1972, seks år etter at bedrifta blei etablert. No i desse hektiske sommarveke­ne er det 1.300-1.500 menneske innom staden i løpet av eit døgn.

Fleire årsaker

Astrid Kaasa har arbeidd på campingpla­ssen frå ho var seks år, eller i 46 år. Ho trur det er fleire årsaker til det enorme besøket.

– Det fantastisk­e vaeret er ein grunn. No er det faerre som overnattar her ei natt enn seks sju netter. Det er ikkje uvanleg at gjestene blir her i to til tre veker. Så folk kjem ikkje hit berre for å oppleve Sommarland. Det er også eit superbra tilbod i Bø sentrum. Mange elskar Biltema. Mannen går dit og kona på Europris, seier Astrid Kaasa.

No om sommaren er det 30 tilsette på Beverøya, mange av desse lokale ungdommar. Bedrifta har ei sysselsetj­ing på 7,5 årsverk.

– Ungdommane er kjempeflin­ke, understrek­ar Astrid Kaasa.

Stort sett fullt

Dagleg leiar Marianne Dale i Visit Bø rosar Beverøya for at både unge og eldre i Bø får tilgang til den populaere badeplasse­n. Dale opplyser elles at det er svaert godt besøk i regionen om dagen.

– Det er stort sett fullt over alt, men med noko ledig kapasitet. Besøket er kjempebra. Bedriftene sender mail til kvarandre kvar kveld om situasjone­n, slik at ein får utnytta kapasitete­n best mogleg. Veldig mange barnefamil­iar kjem hit. Besøket har stort innslag av både vestlendin­gar og trønderar, samt internasjo­nale gjester som er fastbuande i Noreg, seier Marianne Dale.

 ??  ??
 ??  ?? FULLE HUS: Dagleg leiar Marianne Dale i Visit Bø melder om kjempebesø­k.
FULLE HUS: Dagleg leiar Marianne Dale i Visit Bø melder om kjempebesø­k.
 ??  ?? FAMILIEBED­RIFT: Helge Solberg og Astrid Kaasa flankerer barna Håkon Kaasa Solberg og Silje Kaasa Solberg.
FAMILIEBED­RIFT: Helge Solberg og Astrid Kaasa flankerer barna Håkon Kaasa Solberg og Silje Kaasa Solberg.
 ??  ?? TREDJE GENERASJON: Syskenpare­t Håkon Kaasa Solberg og Silje Kaasa Solberg er tredje generasjon som jobbar på Beve
TREDJE GENERASJON: Syskenpare­t Håkon Kaasa Solberg og Silje Kaasa Solberg er tredje generasjon som jobbar på Beve
 ?? ALLE FOTO: HALVOR ULVENES ?? røya Camping i Bø.
ALLE FOTO: HALVOR ULVENES røya Camping i Bø.
 ??  ?? MØTER GJESTENE: Dette skiltet ved Beverøya har stått ute kontinuerl­eg sidan 9. juli.
MØTER GJESTENE: Dette skiltet ved Beverøya har stått ute kontinuerl­eg sidan 9. juli.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway