Varden

Til minne Thor Sigurd Nilsen

- Hjerteligt­akk På vegner av venner Nils Røttingen

Så kom den triste meldinga vi hadde frykta: Vår mangeårige venn og gode kollega hadde gått bort 23. mai 2023. Han hadde nyleg flytta frå Bø i Telemark til Brumunddal. Der budde den eldste dottera hans. Eit uhell medverka til at ein sliten kropp ikkje klarte meir.

Thor Sigurd var fødd i Flekkefjor­d 18. august 1944. Han vaks opp saman med ei kjaerleg mor. Far i England og ein yngre bror i USA fekk han kontakt med først seinare i livet. Dei to brørne blei svaert naere venner.

Thor Sigurd hadde frå unge år ei sterk interesse for språk. Denne interessa førte han til Universite­tet i Oslo (UiO), der han i 1973 blei cand. philol. med engelsk som hovudfag. Ved UiO møtte han Marit Myrstad, som etter kvart blei ektemaken hans. I 1974 flytte dei til Bø, der Thor

Sigurd blei tilsett som amanuensis i engelsk fonetikk ved Telemark distriktsh­øgskole (TDH), med seinare opprykk til førsteaman­uensis. Han blei verande ved TDH, seinare Høgskolen i Telemark (HiT), heile sitt yrkesaktiv­e liv, berre avbrote av eit studieår i USA ved UCLA og eitt år i England som leiar av Det norske studiesent­eret i Storbritan­nia. Thor Sigurd utførte viktig pedagogisk utviklings­arbeid og var aktiv som laerebokfo­rfattar. Fleire år var han sensor i engelsk ved norske universite­t og høgskolar.

Studentane sette Thor Sigurd saers høgt, slik kollegaene òg gjorde. Kunnskapsr­ik, humørfylt, varm, vennleg og omsorgsful­l nådde han inn til kvar enkelt, inspirerte til innsats, og sette varige og djupe spor i unge sinn. Etter at TDH blei ein del av HiT, underviste Thor Sigurd med stort hell laerarstud­entane på Notodden og i Porsgrunn. Han var eit førebilete for dei ved si inspireran­de undervisni­ngsform. Formidling­sgleda var eit kjennemerk­e hos han gjennom heile yrkeskarri­eren.

Det er naturleg å nemne Thor Sigurd og Marit saman som eit klokt, trygt og positivt par fordi dei samhandla så godt i eitt og alt. Dei skapte ein kjaerleg og generøs heim for dei tre barna sine, Ingebjørg, Thor Martin og Ragnhild. Heimen sin opna dei etter kvart også for Hung frå Vietnam og utveksling­sstudentar frå USA, Mexico og Brasil. Naer kontakt med dei nye familiemed­lemmene hadde dei heile livet. Vi vennene fekk oppleve Thor Sigurd og Marits generøsite­t og omsorg under alle våre samkomer og reiser. Kokekunste­n dyrka dei begge to. Songen og musikken hadde ein sjølvsagt plass. Stemninga steig når Thor Sigurd tok fram trekkspele­t. Musikken hadde han med seg frå tidlege barne- og ungdomsår. Alt i 11-/12-årsalderen spelte han i band i Flekkefjor­d, og i Midt-Telemark ungdomskor­ps var han ein viktig bidragsyta­r til det aller siste.

Det blei tungt for familien då Marit blei alvorleg sjuk og døydde i 2017. Trass i naer og god kontakt med barn, svigerbarn og barnebarn, gjekk tapet av Marit sterkt inn på Thor Sigurd. No er dei begge borte. Gode minne har vi med oss vidare, og vi sender våre varme tankar og medkjensle til barn, svigerbarn og barnebarn.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway